Historikk

Naturen i Stavang

Særpreget ved naturen i Stavang er den nære kontakten til sjøen i eit område med mange øyar, holmar og skjer – ein idyllisk vestlandsk skjergard. Stavang er eit svært solrikt område, ingen høge åsar eller fjell stenger for sola.

Eldre historie

I Stavang finst det sju gravrøyser frå bronse- og jernalderen. To av dei ligg ytst på Langeneset, to andre ligg på Skjelvikneset mellom Stavang og Standal. Her er det også funne ein steinsirkel som kan ha blitt brukt til ofring av dyr.

Stavang 1400 – 1800

I 1427 var Stavang, Selvika og Stokkebekken ein del av Munkelives jord (Munkeliv kloster i Bergen). Ca. 1520 var Stavang delt mellom dei to mennene Torgeir og Håvard, som seinare frådelte garden til nye husmenn. I 1680 var Stavang ein såkalla officersgård. I 1752 skal Stavang ha vore delt mellom to mektige menn, Johan Hendrik Helmer og Ludvig Martens frå Hellevika (Sjå Gjestgjevarstaden Hellevik).

Kyrkja i Stavang

Den gamle middelalderkyrkja på Svanøy var i dårleg forfatning så soknerådet gjekk inn for at det skulle byggast ny kyrkje og kyrkjegard i Stavang. Den nye kyrkja stod ferdig i 1873. Det var ein staseleg bygning. Kyrkja fekk eit kort liv: Juledagsmorgon 1951 slo lynet ned i spiret og kyrkja brann ned i løpet av berre to timar. Takk vere eitivrande lokalt engasjement stod ei ny kyrkje ferdig i 1957. I løpet av dei tre siste åra har kyrkja vist seg å vere eit ideelt bygg til å arrangere konsertar i og Stavang har fått eit nytt musikalsk preg med artistar som Vamp, Knut Reiersrud og Ole Paus.

Gjestgjevarstaden Hellevik

Hellevika ligg ved Stongasundet, like nord for Stavang. Frå slutten av 1600 til 1800 var det skysskifte, gjestgjevarstad, tingstad, handelsstad og gardsbruk her.

Frå gammalt av var Furesundet ved Florø, Hellevika og Kinnasundet i ytre leia dei viktigaste trafikknutepunkta i distriktet.

Den første historia om Hellevika går tilbake til 1682 og gjestgjevaren Albert Pederson.

I 1701 står det skrive om Endre Sjurdson, ein strandsittar på Kipperholmen. Han var fattig og gjestgjevarane i Hellevika skulda han for å drive med ulovleg sal av øl og tobakk.

I 1732 overtok danske Christoffer Vibe og Martens-familien. Dei hadde handelsbrev på sal av tobakk, øl og brennevin. På 1700-talet vart Hellevika tingstad som fleire andre gjestgjevarstader langs kysten. Vibe og stesonen Ludvig Martens dreiv som kremmarar og gjestgjevarar fram til 1785.

Haavetunet og Stavang Marina

Hellevika og Martens-familien var sjølve spiren til historia om Haavetunet: I 1855 gifta Anders Nielsen Haave seg med Anne-Bolette Martens, dottera til Ludvig Martens. Paret fekk Haavetunet i medgift og dei bygde nytt våningshus, bårsstove, stabbur, kornkvern og driftsbygning.

Anders Nielsen Haave bygde også Gamlebua ved Stavang Marina. Bua blei oppført som note- og fiskarbu i ei tid då fisket var ei viktig næring i tillegg til vanleg gardsdrift.
I 1880-åra starta Anders Haave Den Andre butikk på Gamlebua og i 1927 opna han postkontor i etasjen over. Det blir sagt at Anders var ein omgjengeleg mann for folk fekk hente posten sin enten kontoret var ope eller ei. Postkontoret blei lagt ned i 1950, men butikken var i drift fram til 1984 då den flytta inn i nye lokale vegg-i-vegg med trelastkontoret.

I 2000 blei Krambua, den nye puben i Stavang, oppført. I 2007 blei pubdrifta avvikla. Eigarane arbeider no med å omorganisere Stavang Marina: Planen for framtida er å restaurere og rehabilitere Gamlebua slik at den kan brukast til turisme, kulturaktivitet, restaurant og overnatting.